Botnar


Tekst av Julia Björnberg, kurator ved Malmö Konstmuseum

Oversett til nynorsk av Gunnhild Torgersen og Ragnhild Aamås




Om inget hindrar vår blick, når vår blick mycket långt. Men om den inte träffar något ser den inget; den ser bara vad den träffar: rummet är det som hindrar vår blick, det som blicken slår emot, motståndet: tegelstenar, ett hörn, när den stannar, när man måste svänga för att låta den fortsätta. (1)


I utstillinga Botnar av Gunnhild Torgersen brytast blikket vårt som bølgjer mot fysiske og mentale spor og gestar. Gjennom både sjølve installasjonen og dei einskilde verka trekkjast trådar som samtidig insisterer på det forgjengelege i augneblinken, og på alt som hittil har vore.


Som menneskeskapningar reiser Bunnbærere (2021) seg i rommet, ei skulpturgruppe i leire henta frå kysten av Bohuslän i Sverige. Likt hud, eller ei anna vernande hinne, manifesterar dei hole skala eit utanfor og eit innanfor. Bunnbærere undersøkjer roma mellom objekta for seg sjølve og holromma som oppstår inne i dei. Dei kan minna om farkostar, kapslar av tid, barrierer og av lengt.


I leira frå den 7000 år gamle havbotnen finst fossilar, spor og restar av det som har vore. Kanskje har hender rørt ved denne massa før? Skulpturane er sette saman av delar og samanføydde med kopartrådar, som gjev ei kjensle av lettbeint rørsleevne. Dei tilpassar seg, føyer seg saman, stiller seg i vegen. Høgda og dei uregelmessige formene minner også om leirekrukker frå mellom anna det gamle Egypt brukt til oppbevaring av mat og drikke, det kvilar noko omsorgsfullt over dei.


Att alla dessa saker skapats av människors händer, byggts av dem. Att man i vissa djupa lager av lera funnit spår av dessa händer tryckta mot väggarna. Människohänder, öppna, någon gång skadade. (2)


Mange stadar i verda, der land treffer hav tilsynelatande utan ende, er døypte til versjonar av det latinske Finis Terrae, verdas ende. Torgersen har i det siste henta sand frå slike ytste landmassar. Reading the Ocean in a Pond (2022) er satt saman av hengande skulpturar i glas, som minner om fat, og av sanden Torgersen har funne. Sanden følgjer støypforma til glaset, slik dei stendige rørslene til sandkorna møter kvar einskild båre. Sett frå undersida blir verka også ei påminning om at vi alle skal kverva og ta plass i sedimentet på jordkloda. Mellom arbeidsmateriala til Torgersen for dette verket, finst ein artikkel som skildrar korleis arkeologar nylig har funne avanserte mønster i sand langs Kappkysten i Sør-Afrika, datert til mellom 70 000–158 000 år sidan (3). I det nordamerikanske Navajofolkets seremonielle sandmåleri er det ei tydeleg indre og ytre verd, eit innanfor og eit utanfor biletet der ulike vilkår rår. På navajo blir desse sandmåleria kalla «stadar der gudar kjem og går» (4).


Med kalksteinsskulpturane før vandringene langs havet, før gesten, før bevegelsen (2021) går Torgersen i direkte dialog med formens tyding. Skupturane har blitt fullbyrda gjennom reduksjon, der lag på lag har blitt skala av for å finne ei ytring, noko å svare på. Den utmeisla kalksteinen er henta frå ei gruve i Danmark og kvilar på, trykkjer ned ned eller blir støtta opp av glasføter. Torgersen skildrar arbeidsmåten med skulpturane som ei form for «utgravning av tida på føresetnaden til steinen».


Kapselforma frå Bunnbærere gjentek seg i det nye verket Irrlys (2024) der det lysande blågrøne glaset gir assosiasjonar til havdjupet, luftbobler og vegvisara, som fyr å navigere etter. Eller så leiar dei oss på ville vegar, som i mytene om dei (over)naturlege irrlysa som blafrar over myrlandskap. Med Botnar eggjer Torgersen forestillingane om skala, tid og kverving, ikkje ulikt korleis romfarkosten i Harry Martinssons Aniara fór i ei rasande fart vekk frå ei klode i kollaps. Blikket vårt slår som bårer mot spor og gestar i romet – kvar gong gjev det noko nytt, nye minner og mønster blir forma og reiser sin veg.


Hon hör att ropet är återkommande, men varje gång skär det genom rummet i nya vinklar (5).







                                                                                                                    

(1) Georges Perec, En form for rom (oversettelse: Alexander Leborg)

(2) Maguerite Duras, Att skriva, översättning Kennet Klemets)

(3) https://news.mandela.ac.za/news/media/Store/documents/2021/Ancient%20Geometric%20Patterns/Sunday-Times-article-on-Ancient-Geometric-Patterns.pdf

(4) https://navajopeople.org/navajo-sand-painting.htm

(5) Amalie Smith, Marble s. 42 (översättning Kalle Hedström Gustafsson)