Installation view from the exhibtion Botnar at Hå Gamle Prestegard

Photos: Erik Sæter Jørgensen

Bunnbærere, 2021

Fired marine clay from Gerlesborg, bees wax, tin

Som menneskeskapningar reiser Bunnbærere (2021) seg i rommet, ei skulpturgruppe i leire henta frå kysten av Bohuslän i Sverige. Likt hud, eller ei anna vernande hinne, manifesterar dei hole skala eit utanfor og eit innanfor. Bunnbærere undersøkjer roma mellom objekta for seg sjølve og holromma som oppstår inne i dei. Dei kan minna om farkostar, kapslar av tid, barrierer og av lengt.


I leira frå den 7000 år gamle havbotnen finst fossilar, spor og restar av det som har vore. Kanskje har hender rørt ved denne massa før? Skulpturane er sette saman av delar og samanføydde med kopartrådar, som gjev ei kjensle av lettbeint rørsleevne. Dei tilpassar seg, føyer seg saman, stiller seg i vegen. Høgda og dei uregelmessige formene minner også om leirekrukker frå mellom anna det gamle Egypt brukt til oppbevaring av mat og drikke, det kvilar noko omsorgsfullt over dei.



Utdrag fra utstilingstekst av Julia Björnberg

Les hele teksten her

Irrlys, 2024

Handblown glass by Anders Wennerhag, steel, drift wood, hemp textile cable, led-light


Kapselforma frå Bunnbærere gjentek seg i det nye verket Irrlys (2024) der det lysande blågrøne glaset gir assosiasjonar til havdjupet, luftbobler og vegvisara, som fyr å navigere etter. Eller så leiar dei oss på ville vegar, som i mytene om dei (over)naturlege irrlysa som blafrar over myrlandskap. Med Botnar eggjer Torgersen forestillingane om skala, tid og kverving, ikkje ulikt korleis romfarkosten i Harry Martinssons Aniara fór i ei rasande fart vekk frå ei klode i kollaps. Blikket vårt slår som bårer mot spor og gestar i romet – kvar gong gjev det noko nytt, nye minner og mønster blir forma og reiser sin veg.



Utdrag fra utstilingstekst av Julia Björnberg

Les hele teksten her

Før vandringen langs havet, før gesten, før bevegelsen, 2021

Lime stone from Faxe, handblown and casted glass

Bunnbærere, 2021

Fired marine clay from Gerlesborg, bees wax, copper

Reading the Ocean in a Pond, 2022

Casted glass, sand from beaches without land in sight

Mange stadar i verda, der land treffer hav tilsynelatande utan ende, er døypte til versjonar av det latinske Finis Terrae, verdas ende. Torgersen har henta sand frå slike ytste landmassar. Reading the Ocean in a Pond (2022) er satt saman av hengande skulpturar i glas, som minner om fat, og av sanden Torgersen har funne. Sanden følgjer støypforma til glaset, slik dei stendige rørslene til sandkorna møter kvar einskild båre. Sett frå undersida blir verka også ei påminning om at vi alle skal kverva og ta plass i sedimentet på jordkloda. Mellom arbeidsmateriala til Torgersen for dette verket, finst ein artikkel som skildrar korleis arkeologar nylig har funne avanserte mønster i sand langs Kappkysten i Sør-Afrika, datert til mellom 70 000–158 000 år sidan. I det nordamerikanske Navajofolkets seremonielle sandmåleri er det ei tydeleg indre og ytre verd, eit innanfor og eit utanfor biletet der ulike vilkår rår. På navajo blir desse sandmåleria kalla «stadar der gudar kjem og går»


Utdrag fra utstilingstekst av Julia Björnberg

Les hele teksten her

Bunnbærere, 2021

Fired marine clay from Gerlesborg, bees wax, copper

Bunnbærere, 2021

Fired marine clay from Gerlesborg, bees wax, copper